 |
 |
|
 |
 |
 |
|
|
DETTE VAKRE BILETET ER TEKE AV JULIE RØGELSTAD.
"FARANDE FANT 2012": GRØNSKORENUTEN 830 m.o.h.
Farande Fant er den boka av ni som vert lege ut på ny plass kvart år.
Kvifor? Jo for at me skal bli kjend med flest mogeleg av perlene i Etnefjella. Grønskorenuten ligg på sørsida av Stordalsvatnet, rett opp for Frette. Her er fantastisk utsikt! Du ser 13 av dei nutane dei fire idrettslaga i kommunen samarbeider om i "Alle 30".
Eit pluss for dei som prøver seg på "Alle 30" er at det er høveleg å ta Nordfjellet 867 m.o.h. på same turen. Skjema får du hjå: Gisle Sellevold 4860 2195.
Einar Gisle Sellevold
Jon Olav Tesdal har for 4. gong klart "Alle 30". Då er det 11 som har meldt frå at dei har klart bragden i 2010.
Lars W. Haaland har klart for "Alle 30" nutane i Etne for 2010. Han vart nr 10 som er registrert pr dags dato. Han klarte "Alle 30" også i 2009. Så no er han også ein ressursperson for dei som lurer på kor desse postane er.
Me veit og at det er fleire "på gang". No er det 17 dagar att for dei som manglar éin eller fleire nutar. "Farande Fant" 2011 vert plassert ved turistløypa ved Krokavatnet nedom Skredkollen. Det er fint å starta turen frå Øvre Rafdal gå over Skredkollen, Ljusneshovda og ned på Lauareidsvingen. Du kan og ta desse tre postane til eller frå Blomstølen.
Gode turar! 
1. november byrjar sesongen 2011.
Einar Gisle Sellevold
Foto: Julie Røgelstad. Så glad vart Evelyn Bøthun då ho klarte "Alle 30" i fjor
KLART "ALLE 30 NUTANE" 2010:
1. INGEMUND BERGE 2. INGE SÆVAREID 3. PAUL TUNGESVIK 4. ERLING ASKELAND 5. STÅLE TUNGESVIK 6. TØRES RULLESTAD 7. JØRGEN RULLESTAD 8. NILS RULLESTAD 9. HARALD MÅGE 10.LARS W. HAALAND 11. JON OLAV TESDAL
Hålandshovda é Toppen! Onsdag 25.august kl 1900.
Tur: frå kl 1730. Løp: frå kl 1900 (intervallstart 4 & 4)
Påmelding ved start ( helst før 1830 på løpsdelen). Garderobar: på Sævareid skule ca 5 km frå start (ned ved Kyrping Bensin).
Info: Stand på Osnes rundt su. 22. august og Olav Samland 9328 0221
^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^
HEIMRE SAUANUTEN: LAURDAG 28. AUGUST (SU.29.8.)
Frå Frette (Odden bru kl 1030) Frammøte Kyrping Bensin & Dagligvare kl 1000 (felles skyss derifrå).
Rute: Hellaug - Fetabrekko - Ingebørvatna - Heimre Sauanuten 1176 m.o.h. - Overnatting i medbrakte telt (alle ansvar for sitt). Sundag ned til Sandvatna til møtes med Sauda turlag og ned til Sauda. Buss attende til Frette.
- Ein turleiar kan gå ned att til Frette laurdag om ynskjeleg. Gje beskjed på førehand på e-post:egsellev@online.no
Turleiar: Gisle Sellevold
Erling Sævareid er "still going strong" - very strong!
Erling er 88 år og var no sundag på Hålandshovda 655 m.o.h. Du vart impomnert no..? Vel, les meir. Onsdag 23. juni klatra han utruleg nok opp på Håfjellet 937 m.o.h. Ikkje nok med det. Her tidlegare i sommar var han på Skredkollen 907 m.o.h.
Klarar han Nordfjellet (867 m.o.h. og "Farande Fant" på Ramsvikegrønnut (906 m.o.h.)? Det skulle ikkje forundra oss. Då vert han i så fall den eldste som har oppnådd IF Klypetussen sin nålutmerking. Gamlerekorden slår han likevel berre med eitt år, for han klarte det same ifjor....!
Inspirerer born og barneborn og folk langt utover Etne sine grensar.
På Hålandshovda hadde han med dottera Laila Eirin Hundseid som har teke dei fine bileta, og dotterson Thomas Aleksander.
Einar Gisle Sellevold
"ALLE 30" TURAR 2010
:(Kom m/innspel)
Februar:
Mars:
April: Fr. 2. Simlenuten Rundt (Langfredag)
Mai: Fr.14. Ramsvikegrønnut ("Farande Fant") Må.17. Hålandshovda Su.30. Håfjellet m/Kvinnherad turlag Kl 1030 på H. heio
Juni: Su. 6. Postvegmarsjen
Heggelin., Stødleh., Veten
Juli: Su. 4. Alvaldsnuten La. 10. Løyningstøl Su. 11. Gamleselsbrua/Paddekjølene
August: La. 28.-29. Heimre Sauanuten - Sauda
September: Su.19. Juraskarstråkket
Oktober:
November:
Desember:
"ALLE 30" FEST: FREDAG 22.1.
Fredag 22. januar vert det fest i Perastovo på Rullestad kl 2000.
Me reiser "på fellesen" frå Kyrping Bensin kl 1930. Då sparer me CO2 og bompengar.
Alle aktuelle - dei som har klart "alle 30" ein eller fleire gonger - får skriftleg invitasjon i denne veka. Alle inviterte må melda frå om dei kjem.
Program kjem seinare..
Einar Gisle Sellevold
|
|
|
 |