TIL ETTERTANKE...

Heidersmannen Olav Vik. 12. januar 2010 ville han ha fylt 100 år.

Som mennesket - ei side i stadig endring..

Her finn du dikta (26):

Olav Vik:           Januar:    Ei mor takkar      
                        Februar:    Hauk og duve                   
                        Mars:      Gråt ikkje           
                        April:      Vårsong                                    
                        Mai:       Smilen   
                        Juni:      Det uskrivne kvedet   
                        Juli:      Ein ny dag  
                        August:   Solregn
                        September: Til skogen
                        Oktober: Draumar og røyndom
November: Berre   
Desember:   Avskil                     
      
Olav H. Hauge:   Det var den draumen
                        Skeiserenn
Nordahl Grieg:   Sprinterne
Tarjei Vesaas:    Farleg vind

Frans av Assissi:  Bønn   
Sigbjørn Heie:    Dyre sekund
Jakob Sande:     Fire år 
Einar Hvidsten:  Det fór ein rein  
Flora Larsson:    Pensjonering
 
Knut B. Molnes:   Livet
Grethe H. Ravn: Prolog
Magne Heien:     Konkurrenten
Sigurd Vik:         Song til Osnes
Einar Hvidsten:   Ekko

AVSKIL Olav Vik i desember

Så segjer vi takk for ein strålande dag.
Det er tid til å skiljast å gå -
Men minne om stunda vi hadde ilag
vi med oss på heimveg vil få.
Her vener vi fann.
Og segje vi kan:
- Det var ein vedunderleg dag!

Dei band som vart knytte i samvær og lag
fekk sløyfer av kjærleik og frygd.
Om eldhug og samhug vårt merke, vårt flagg
skal vitne i by og i bygd.
Vi segjer: - F arvel
med heile vår sjel.
Det var ein vedunderleg dag!

Ein dag er vi borte frå arbeid og lag.
Det ligg nokre fotefar att -
Ja snart våre andlet med dæme og drag
er gløymde i minnelaus natt -
men roser som gror
og veks av vår jord
fortel om ein strålande dag...

"BERRE" Olav dikt for november.

Berre........

 

Berre eit feilsteg

frå velmakt til klynk.

Berre sekundar

frå jubel til klynk.

 

Berre ein port

mellom nøgd og nød.

Berre ein bil

mellom liv og død.

 

Berre ein vegg

mellom fattig og rik.

Berre ein glepp

mellom truskap og svik.

 

Berre eit skot

mellom krig og traktat.

Berre eit ord

mellom kjærleik og hat.


I draumane sviv eg
i himmelske salar.
I røyndomen går eg
på jorda og balar.
I draumane er eg ei fribore sjel.
I røyndomen er eg
ein jordbunden træl.

I draumane spring eg
kring tempel og altar.
I røyndomen går eg
kring hytter, og haltar.
I draumane syng eg
i solvarme land.
I røyndomen frys eg
i dubbel forstand.

I draumane er eg
ein tiljubla diktar.
I røyndomen evner
og arbeidslyst sviktar.
I draumane spring eg
så lett som ein rein.
I røyndomen legg eg meg
trøytt bak ein stein.

Frå "Det liv som gror or draumen".

Gjer meg sterk og roleg
store, stille skog.
Gjer meg traust og trufast,
mjuk og mild i hug.
Suse inn i sjela mi
songen din i Sunnan-lid! -
Gjer meg sterk og roleg
store, stille skog...

Lær meg du å herde
myrke nattarstund,
storm og kalde skuggar,
frost i vokstergrunn -
Lær meg du i livet stå
tolsam når det røyner på.
Lær du meg å herde
myrke nattarstund. -

Lær meg, du, å leve,
elske sol og song,
løyse ut or barmar
heilag jubeltrong!
Tusen fuglar slår seg ned
i din rike voksterferd...
Lær, meg, du å leve,
elske sol og song.

Frå "Tuva og tårnet" 1948

SOLREGN AUGUSTDIKT AV OLAV VIK

Det er eit ord, ei gamal segn:
Når sola strålar gjennom regn
i Himmelrik det bryllup er,
og syndarar er gjester der.

Då bårar ned frå himmeldom
så mjuk og fin ein klokkeljom.
Av lukke alle blomar skjelv
i solregn under himmelkvelv.

Då er det Gud, vår Fader, står
og smiler ned til jorda vår.
Han segjer; - Kom til Himmelrik.
Her oppe er det alltid slik.

Frå samlinga: Det liv som gror or draumen...

NY DAG Olav Vik i juli

Tenk.
Ein ny dag.!

Kan liknast med
ein hage
der vi sår våre frø
som kan bli til blomar
eller tre
av ymse slag -

Det vi sår i dag:
Våre gjerningar,
våre ord
vil vekse opp,
greine seg ut,
setje nye skot
som kastar sine frø
i ny jord -

Slik kan vi
med den strid vi strider,
med den gode ånd i pakt
la det gode få overmakt,
og skape gode tider.

DET USKRIVNE KVEDET

DET USKRIVNE KVEDET                               Olav Vik i juni

Å kunde eg syngje
av heile min trong
so sorger kvarv undan
for alt i min song -
ja kunde eg kvede
so vent som eg vil,
då fann du den lukka
som høyrer deg til!

Då gløymde du suta
som gneg på di rot
og jubla mot sola
som skin for din fot!
Hjå meg i di kvide
du sa du var rik,
og betre  eg song
når du elska meg slik...

Eg lengtar so etter
å skriva til deg
eit kvede som lyftande
veng på din veg!
So fagert eit kvede
visst aldri eg skriv -
og sorgjer vil fylgje oss
heile vårt liv...

Dette diktet er frå Tuva og Tårnet som kom ut i 1948 på Fonna Forlag.

PROLOG OLAV VIK 100 ÅRS MARKERING

                                        ”Berrføtt i graset”

   

Litt gøymt bakom krokete vegar og langs med ein trakka sti

Der vers etter vers oss fyljer, på veg mot naturgalleri

Der stilla kan vera mektig, ein vakker og varm sommarsdag

Med lukter og inntrykk andektig for sansane gjev behag

 

Der kan me trø berrføtt i graset, der kan me nyta natur

 Og stilt lesa versa på stolpar, eit og eit etter tur

Ein diktar har skrive kjensler, som handlar om kjærleik og svik

Om håp og draumar og kvardag, og diktaren er Olav Vik

 

Han har sikkert også stega, berrføtt i graset og tenkt

På kvardagar, sorger og gleder, mens sola har glitra og blenkt

Han har sikkert lengta og venta, på dagar som aldri kom

Berrføtt i graset, åleine – på sin store eigedom

 

Olav Vik var nok ikkje ofte, berrføtt i graset trur eg

For hjarta og sjela den hamra for andre ting, retteleg

Han elska å sjå det bløma! Sjå nye vekstar slå rot!

Millionen av gran han planta, utan snev av mismot

 

Sjølv om han kunne trylla, med flora, buskar og tre

og haustane gav både plommer, pære og eple med

Så banka nok hjarta oftast, for Orda som kom i hans hug

Ord som gav næring til lengta, ei lengt som gav sakn og sug

 

Mange somrar fekk komma, fleire vintrar som gjekk

Lengta og saknet i hjarta, fekk berre liv gjennom blekk

Ingen veit kor han sukka, over sine tronge kår

Ingen veit kor han græt, for sin ungdoms tapte vår

 

I åtti år fekk han leva, men så vart det kveld ôg for han

Me som får lesa hans tankar, forstår det var Orda som brann

Orda gav næring til livet, Orda gav næring til savn

Då han forlot denne verda, var han framleis ein einsam ravn

 

Livsarva sto tilbake, då Nordavinden tok han med

til Himmalaya for å kjenne lukta av roser – og ta avskjed

 Naturperla som han kalla, sin gotiske katedral

Med kneisande høge grantre, med blomar og busk – eit kunstareal

   

Livsarva står tilbake, den kan han ikkje ta med

Bygningar, uthus og nôver – knausar og stablar med ved

Strender som duppar i fjorden, skogar med busk og kratt

Enger med grønaste graset, vert også ståande att

 

Huset med seng og stolar, kjøken med koppar og kar

Utlesne bøker og skrifter, vitnar om spørsmål og svar

Staden han halla ”heime” – staden han sov kvar natt

Staden den gjev han til folket, bygda har fått ein skatt

 

Her trør me berrføtt i graset, her kan me gå einkvar

Sjå ungane springa og leika, frå dagen gryr heilt til soleglar

Her kan me få nyte stilla, ein vakker midsommarskveld

Eller vassa langs stranda ein morgon, på jakt etter krabbe og skjell

 

Takksam så trør eg i graset, berrføtt eg trør på din sti

Fuglane kvitrar i saman, og nyt sitt naturgalleri

Takksam så les eg langs vegen, versa du ein gong skreiv

Takk for at Orda du brann for, ikkje vart noko du heiv

 

Takk for at du vil dele, Ord og natur så rik

Takk for den skatt me arva, du kjære Olav Vik

Takk for at me kan vandre, på bøar og berg og veg

Få nyta den skatt me arva, ei hjarteleg TAKK til deg.

       

-Grethe Hopland Ravn-

OLAV VIK I MAI

                     SMILEN

I dag eg møtte Kirsten:
Ei vakker fem-års jente.
Ein smil du låner henne
du får igjen med rente.

Den smilen ho kan smile
den har så rik ein varme,
så dei som den får eige
kan ikkje kallast arme.

Eg møtte henne stundom;
då blir eg alltid fegen.
I strimer etter henne
ligg solskinn att på vegen.

Så fin ein smil må vernast
så han kan lenge vare.
Det dyre porselenet
for støytar må vi spare.

For aldri kan ein kjøpe
så fin ein smil for penger.
Det veit du best den dagen
ho ikkje smiler lenger.

Frå diktsamlinga: Det liv som gror or draumen...

VÅRSONG - APRIL-DIKT

VÅRSONG                                                 

Kven er det som syng
ein solosong?
Eg høyrer tonar
gong etter gong.
Er det oppe på fjellet
det syng og hjalar?
Er det inne i skogen
og djupe dalar?
- Nå høyrer eg det:
Det er DU som syng.
Du syng i hugen min.

Eg høyrer DU syng
om ein vaknande vår,
om blomar som sprett
der vi to går.
Du syng om sola
som stig der ute
og smeltar isen
i sinn og på rute.
Nå syng vi saman.
Vi syng duett
om kjærleik, sol og vår!

Frå samlinga: Det liv som gror or draumen...

GRÅT IKKJE (OLAV VIK)

GRÅT IKKJE                                  Mars-dikt av Olav Vik

Gråt ikkje himmel, - eg elskar deg...      
Rivne du sky og eim som grånar -
Auga mitt søkjer æveblånar,
leiter so etter ein fager veg.

Gråt ikkje fjell, - eg elskar deg...
Lyfte mot sola bergesider.
Auga mitt søkjer blømande lider,
leiter so etter ein fager veg.

Gråt ikkje hav, - eg elskar deg...
Leike med bylgjer til lands du sender.
Auga mitt søkjer palmestrender,
leitar so etter ein fager veg.

Gråt ikkje gjente - eg elskar deg---
Gløyme di sorg du vene kvinne!
Auga mitt søkjer di sjel å finne,
leiter so etter ein fager veg.

Dette diktet er frå boka Tuva og Tårnet frå 1948.
Etne Visegruppe m/Jimmy Næs, har sunge diktet inn på kassett.

HAUK OG DUVE

HAUK OG DUVE                            OLAV VIK    februardikt

Høyr på kvar ei leid,
folk på haug og heid -
skal vi ut på isen fare?

Olav, Dag og Knut,
kom so skal vi ut,
ut på skeisene dei snare!

Liv og Hildegunn,
rundt og rundt i tunn
skal vi gutane dykk svinge.
- Ikkje skrik so stygt!
Her er godt og trygt.
De må ikkje heimatt springe! -

Bjørg, - du er so bleik -
Hauk-og-duve-leik
skal få roden ut i kinnet!
Ikkje stå i ro!
Isen er so god
ute her i måneskinnet -

Arne Ruste datt -
- Hei so fint og glatt!
Ingen stein og inga tuve -
Gjente - her er eg.
Eg har fanga deg.
Hildegunn, du er mi duve...

Olav Vik frå boka Tuva og tårnet (Fonna forlag 1948)
----------------------------------------------------------------

Dette høver vel for februar med is i Osnesvågen, Etnesjøen, Litledalsvatnet og Stordalsvatnet.
Me vil gjerne ha inn framlegg. T.d. mars-dikt av Olav Vik.

OLAV VIK JUBILEUM

Olav Vik født 12. januar 1910 i Etne.

Olav Vik stiftinga gjer mykje for å halda opplevingsparken på Osnes i hevd, og  forbetra tilbodet.

Mi interesse for Olav Vik vart til av litt kjennskap til diktaren sjølv. Men Anna Jørgensen, og ikkje minst Knut Birger Molnes sine framifrå tolkingar har gjort dikta til "mine". 

Kvar månad vil me i jubileumsåret 2010 skriva inn eit nytt dikt av Olav Vik. Desemberdiktet er bestemt, men til dei andre månadane kan ålmenta koma med framlegg. Me skriv gjerne inn andre dikt og. Me vonar desse vil vera til ettertanke og gjera oss litt meir medvetne om vår rolle til å vera ein positiv skilnad i vårt og andre sitt liv.... "Det liv som gror av draumen".


Olav Vik tilhengjar ~ Einar Gisle Sellevold

DET LIV SOM GROR OR DRAUMEN...

OLAV VIK  (1910 - 1990)                          JANUARDIKT

EI MOR TAKKAR

Ha takk DU GUD og SKAPAR
frå meg , ei mor, eit viv
for borna DU har gitt oss,
for draumar som vart liv!
Eg takkar for dei gåver
som lever på mitt fang,
for dei som ropar Mamma
ved natt og dagen lang.

De born, ja Dykk eg takkar
fordi De kom til oss
og gjev oss lukkestunder
som løn for strev og kross.
Med sløyfeband De knyter
til einskap far og mor.
Det er for oss ei gåte,
eit under på vår jord.

Vi vonar og vi drøymer
i våre unge år.
De born er kjære gjester
i stova, heimen vår.
Kor dagane vart rike
på spaning, sut og song!
Det liv som gror or draumen
får sjølv ein draum ein gong.

Frå boka "Det liv som gror or draumen...". Etne Opplysningsråd 1989

JAKOB SANDE (1906 - 1967)

FIRE ÅR

Min vesle ven, eg ser kor augo smiler,
      og høyrer kor du djupt av lukke lær,
der full av tiltru du imot meg stiler
      så fort som dine kvikke føter ber.

Og når du trygg og glad i armen kviler,
      eg ynskjer at eg støtt får bli deg nær,
og bere deg dei mange motgangs miler
      som eingong ventar deg på vegen her.

Velsigna vere åra du er hjå meg,
før du kjem ut i verda og veks frå meg,
      og eg sit einsam att og eldest av.

Men kanskje då når dagen kring meg bleiknar,
når augo dimmest og når foten veiknar,
      vert du mi leidarstjerne og min stav.

SIGBJØRN HEIE (1945) FØDD PÅ TYSNES

DYRE SEKUND

Endeleg kan han pusta ut,
lukkeleg og glad.
Han har vunne tevlinga
med to sekund.
No etterpå står han og undrast
på kva han skal bruka
desse dyre sekunda til.

(Frå samlinga "Stilla kring oss").

FRANS AV ASSISIS BØNN

FRANS AV ASSISI's BØNN

Herre gjør meg til et redskap for din fred.
Der hvor hatet er, la meg så kjærlighet
Tilgivelse hvor det er urett
Enighet hvor det er tvil
Håp hvor det er fortvilelse
Lys hvor det er mørke
Glede hvor det er sorg
Guddommelige mester
La meg ikke så meget strebe etter å være frimodig
som å trøste andre
Ikke så meget etter å bli forstått
som etter å forstå
Ikke så meget etter å bli elsket
som å elske
For bare når vi gir
får vi
Idet vi tilgir
tilgis vi
Og idet vi dør
fødes vi til evig liv.

SKEISERENN


Du startar i lag med storskridaren.
Du veit du kan ikkje fylgje han,
men du legg i veg
og brukar all di kraft
og held lag ei stund.

Men han glid ifrå deg,
glid ifrå deg -
Snart er han heile runden fyre.

Det kjennest litt skamfullt med det same.
Til det kjem ei merkeleg ro yver deg,
kan ikkje storskridaren fara!

Og du fell inn i di eigi takt
og kappskrid med deg sjølv.
Meir kan ingen gjera.

Olav H. Hauge (or dropar i austavind 1966)

DET ER DEN DRAUMEN


Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H. Hauge (frå dropar i austavind 1966)

NORDAHL GRIEG

Nordahl Grieg (1902 - 1943)

Sprinterne

Niggeren Owens sprinter,
germanerne stuper sprengt.
Det blonde stadion undres,
og Føreren mørkner strengt.
Men tenk da med trøst på alle
jødiske kvinner og menn
som sprang for livet i gaten -
dem nådde dere igjen !

TARJEI VESAAS

Tarjei Vesaas (1897 - 1970)

FARLEG VIND

Vinden blæs og borar.
Gamalt lauv dansar.
Gamle dører knirkar.

Men gamle tankar blir
nye og farlege
i den unge vind.

Det f'òr ein rein

Det fór ein rein i Etnefjell
med ætta rakt mot solehell,
den sprang så lett over stein og mo,
eit vakkert dyr av kjøtt og blod.

Så dro den opp mot Simletind
og la seg der for natta inn
på gråe buken sin.

Einar Hvidsten,1981

PENSJONERING

Det er skjedd! Jeg er pensjonert, Herre.
En senior i samfunnet med rettighetene og fordelene
      som tilhører denne verdige og voksende gruppen.
Fritid uten ende resten av levedagene!
Unødvendig å stå opp når klokka ringer i den kalde morgentimen,
      eller gå ut i uværet for å nå en buss,
eller gå glipp av et godt TV-program fordi plikten kaller...
      Hurra for friheten!

Men du vet, Herre, jeg er et energisk menneske,
      jeg må være opptatt med et eller annet.
Hendene og hjernen må arbeide, ellers er jeg ulykkelig,
      så jeg trenger din hjelp til å planlegge dagenen,
velge ut det jeg bør gjøre,
      fylle tiden med det som gleder og gagner.
Alderen er selvsagt en god hjelp her,
      for jeg gjør alt langsommere enn før.

Du vet hvor forferdelig travelt jeg pleide å ha det, Mester,
opptatt med tre ting på én gang mens jeg planla den fjerde.
Pussig hvor lang tid jegb trenger for å få unna én ting nå,
      og det får tiden til å gå.
Får jeg gjester til kvelds, må jeg begynne forberedelsene
      dagen i forveien,
jeg, som pleide vispe sammen et måltid på halvtimen.

"Sakte og sikkert" må være mottoet mitt i dag.
Det må være tid til å pausere, å tenke, å be...
Hvor deilig å ha tid til å pleie samfunnet med deg
      uten å tenke på klokka!
Tid til å lese om igjen de gamle bøkene, som har betydd så mye for en,

og nikke med større forståelse til
      randbemerkningene fra ungdomsdagene.
Takk, Herre, for livets skjønne aftenstund!
Hjelp meg å nytte den viselig.

Fra boka "Mellom deg og meg, Herre!" av Flora Larsson.

LIVET AV Knut B. Molnes

Livet
er som graset -
det svagar
ei stund i
sommarvind -
.

Ein dag er
det borte!

Men til oss
her på jord
går Guds
lovnad og ord:

Det evige

Livet!

Konkurrenten av Magne Heien

Løpet

er i gang

fyrst roleg, slakt

så bratt

brattare!

 

pusten aukar på

arbeider hardt

arbeida hardt!

 

halveis fer dei

forbi

- er eg slått?

 

toppen i sikte

tyner ut dei aller

siste, siste kreftene

fer forbi

meg sjølv

 

stuper over mål

fire sekund

føre

 

konkurrenten

 

 

 

                                              Magne Heien

SONG TIL OSNES

Her er eg fødd, her voks eg opp,
i livd av far og mor.
Eg kjende kvar den sti, kvar topp,
i lendet der eg fór.
I solskin, regn, sjølv om det blæs,
du er mitt barndoms nes.

Her ligg du mellom fjord og fjell
i spaning ut mot vest.
I havgulsbris, ein sumraskveld,
då eg deg likar best.
I draumeland du vakrast er
mot kveld når sol går ned.

Tekst: Sigurd VIk (bror til Olav)
Tone: Vandringsmann

Ekko av Einar Hvidsten

Jeg roper innover dalen, fjellveggen svarer med mitt rop.
Lytte
Rope igjen..
Henger meg fast i ropet.
Treffer fjellveggen med lydens hastighet.
Vender som frisvømmeren mot bassengkanten.
Sakte dør ekkoet og jeg faller langsomt mot bakken.


Einar Hvidsten 1984

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Synnøve Vik Gabrielsen | Svar 25.09.2010 17.18

Denne diktsida er jo fantastisk fin.
Mye fint å lese. Godt å bli inspirert.
Liker diktet far skrev om Osnes.
En blomst sendes herved til Gisle Sellevold

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

04.02 | 05:16

28 sekunder

...
04.02 | 04:36

32 sekunder

...
02.02 | 01:59

36 sekunder - ikke helt lett å legge denne K-en

...
26.01 | 02:38

21 sekunder

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE