Brødre-utfordring i Langs Åkrafjorden
Sondre Rullestad er storebror i familien Anne Grethe- og Nils Rullestad. Dei har fire gutar: Sondre, Erik, Jørgen og Tøres. Sondre og Erik har kvar sin andreplass i Langs Åkrafjorden: Sondre i 2008 på 47.24 og Erik delt andreplass med Sverre Aksland (Stegaberg IL) på 43.43 i fjor. No utfordrar Sondre sin 16. år gamle bror.
Fakta:
Sondre Rullestad f. 24.juli 1991
IL Korlevoll-Odda. Tid: 47.24
Erik Rullestad f. 31.juli 1994
IL Korlevoll-Odda. Tid: 43.43
Her får du utfordrar-intervjuet:
Intervjuar (I): Erik hadde tre minutt og 41 sekund betre tid enn deg Sondre då han vart nr 2 i fjor?
Sondre (S): Det er ikkje så farleg – eg måtte då ein tur på skauen.
Erik (E): Ja, men då samlar du krefter.
I: Erik du persa med heile sju minutt frå 2008 til 2009?
E: Ja, eg hadde ein god mann å fylgja. Eg tenkte å sleppa, men hang på Sverre.
I: Ja, Sverre skrytte fælt av grunninnstillinga di. Du var tøffe, sa han.
I: Sondre, korleis er treningsgrunnlaget ditt i høve til 2008?
S: 17 år gamal var eg litt overtrent, det er mitt beste treningsår til no.
I: Skal du ut i dag til dømes?
S: Ja, i dag skal eg ha 90 minutts langtur i terrenget.
E: Eg spelar mykje fotball, både med G-95 og senior A i Etne IL. Trenar Jørgen Øyjord er utruleg god. Me har mykje spel med ball, teknisk trening og kondisjonstrening. Me joggar og så har me 15/15 trening. (Ja, me forstår han tek kondistreninga på alvor når han spring denne tøffe 11 km`n på 43.43 red.merkn.). (P:S: Jørgen Øyjord har vore innom Rosenborg BK. Red. merkn.).
I: Korleis skal du klara å slå Erik, Sondre?
S: trena hardt og kontrollert – og psyka han ut. Ja, og slå han på felles intervalltrening.
I: Trur du me slår deltakar rekorden på 56 i løpsklassen, Erik?
E: Ja, eg gjettar på 64 løparar.
I: Same spørsmål til deg, Sondre.
S: Ja, med god PR og reklame går det vel, men det må jobbast for.
I: Takk til dykk begge, og de bidreg til god PR med dette intervjuet, vil eg tru.
-----------------------------------------------------------------------------------------
Etter dette "intervjuet" har Erik slått Sondre så vidt i "Langfoss Opp" der han tok seg heilt ut. I "Rullestadvatnet Rundt" åtte dagar seinare vann Sondre med to sekund etter knallhard duell.
Dette vert spennande!
______________________________________________________________________
Intervjuet vart gjort i all enkelheit i vinter og notert i ein sparesans med kråketær. Men me lar det stå til.
Einar Gisle Sellevold