BEDEHUS OG KYRKJE
Gudsteneste med dåp på Frette 24.7.
Prest Harald Grønnevik formidla ein fin balanse mellom fortviling og sorg etter terroren i Oslo og på Utøya 22.7. og glede ved ei dåpshandling. Det var og fire unge nederlendarar som campa hjå Aud Jorunn og Pål Atle Baustad. Dei fekk vel ikkje så mykje med seg av gudstenesta, men som presten sa på engelsk etterpå, så visste dei likevel kva det dreide seg om. Dei svarte høgt bekreftande. Eit hyggeleg innslag.

Einar Gisle Sellevold
Mykje bil og enno meir folk på Frette 24.7. 2011. Foto: Einar Gisle Sellevold
Tårnagentar lagar fin Gudsteneste med Per prest
Gjerde Kyrkje i Etne sentrum i dag. Full kyrkje - også på galleriet. Ei Gudsteneste eg er særs glad for at eg fekk oppleva. Tårnagentar i superklasse - visste ikkje før i dag kva det var for noko - og sokneprest Per Hjemdal som talte over dei bileta av kyrkjesymbol som tårnagentane hadde teke nyleg.

Og så vart Synne Halleland og tvillingane Eirik og Emma Sørheim døypte.Og tårnagentane delte ut dåpslys, las preiketekstane med høge og klåre stemmar, og så kyrkjekaffi til slutt. Song til akkompagnement av kyrkjeklokkene har denne sekstiåringen aldri vore med på før. Flott oppleving! Spennande å gå til Gudsteneste i Etne.

Einar Gisle Sellevold
Varm, flott Gudsteneste i Stødlekyrkja 23/1-2011
Ikkje Per prest denne gongen, men Kurt prest. Kurt er dansk og far til vår kjære sokneprest Per Hjemdal.

Han opna med humor, og understrekte at det var ei historisk Gudsteneste med dansk prest, nynorsk tale og svensk song...

Trygve, son til Astrid Eidhammer Hjelmeland og Jon Oddvin Moe vart døypt. Han og hans familie vart teken med i mange samanhengar gjennom gudstenesta. Det er fint når denne delen av Gudstenestelivet vert gjort personleg og ikkje samlebandliknande.

Tekstene som kyrkjetenar Jens Håkon Horneland og presten las, handla om kunnskap og tru og å våga å ta det fyrste steget. Teksten om den vellukka arameiske hærføraren
Na'aman som hadde ein alvorleg sjukdom og ville gje enorme gåver til den jødiske profeten som han vart tipsa om kunne gjera han frisk, er sterk. Då profeten gjennom ein tenar ba han om å dukka seg sju gonger i Jordanelva, vart han sint. Han ville snu med alle gåvene sine. Men tenaren ba han prøva om det heldt stikk. Det kosta han så lite å gjera eit forsøk. Han gjorde som tenaren til profeten - og hans eigen tenar - hadde bede han om. Han vart frisk.

Kurt Hjemdal leia Gudstenesta på solid nynorsk. Han talte med innsikt, varme og myndigheit.
Me var velsigna me som fekk lov til å vera i Stødlekyrkja i dag.

Einar Gisle Sellevold
Frette bedehus 100 årsmarkering 3. oktober
Gudsteneste som seg hør og bør fyrst med nyeprest-en Per Hjemdal.

Så er det betasuppe, brus og kaffe og kaker og flott atmosfære i kjellaren etterpå. Her reknar ein med heile bygda og fleire til.

Ein satsar og på kort forteljing om historia til bedehuset. Husmannsguten Godskalk Frette er ein viktig mann i denne samanheng. Det heng bilete av han i bedehuset. Me får sikkert vita meir om han sundag 3. oktober.

Det blir lapp i postkassene, og annonse og sannynlegvis omtale i Grannar.
Gamal og ung i flott atmosfære. Foto: Gisle Sellevold
STAPPFULLT I FRETTE KAPELL
"Nyepresten" Per Hjemdal gjer godt inntrykk.

Folk vart oppfordra til å møta opp å møta "nyepresten". Og det gjorde folk. Mange ungdommar, enno fleire ungar, og elles folk i ulike aldrar.

I alt var det nære på 60 presonar. Etter gudstenesta med nattverd, var det fullt i kjedlaren til kyrkjekaffi der Eli og Lillemor sørga for fin oppdekking med levande lys på borda og god mat.

Og til "komiteen" si store overrasking var helvta med på turen inn på dalen, og over den nye hengebrua Trivselsgrenda og Sævareid og Stordalen Ungdomslag har fått i stand. Eit flott tiltak. I tillegg var det nokre av kyrkjefolket som heller besteg Ljusneshovda.

Neste gudsteneste på Frette er sundag 16.mai.

Einar Gisle Sellevold
KYRKJESONG AV BESTE MERKE

PÅSKEGUDSTENESTE I STØDLE 4. APRIL 2010

Den nye soknepresten vart innsett og ynskt velkomen i fullsett Stødle kyrkje i dag. Fullsett. Til randen. Men det underskrivne mest av alt merka seg, var den flotte songen.

Når ein skal visa glede som spesielt songane på fyrste påskedag inviterer til, er det ikkje inspirerande når kyrkjelyd og organist ikkje har samhandling - som Nils Arne Eggen ville ha uttrykt det. Eller når det vert "sirup" - for det hender.

Nei, i dag var det utruleg flott song "stärk som dånet av ein vattuflod...". Ein verkeleg inspirasjon. Kyrkjelyden song nesten som eit afrikansk kor, eller eit kor i ein "svart" kyrkjelyd i USA. Der kan dei syngja, likar å syngja; og gir alt dei har. Slik var det og i Stødle i dag.

Einar Gisle Sellevold

BEDEHUS OG KYRKJE ER OGSÅ KULTUR

Her er rom for innspel om arrangement.

Einar Gisle Sellevold

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

04.02 | 05:16

28 sekunder

...
04.02 | 04:36

32 sekunder

...
02.02 | 01:59

36 sekunder - ikke helt lett å legge denne K-en

...
26.01 | 02:38

21 sekunder

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE